Rallarvegen

Rallarvegen er den ultimate sykkelopplevinga og har vakse fram som ein av dei mest populære sykkelrutene i landet.

Turen strekk seg frå Haugastøl i aust til Flåm i vest og er cirka 8 mil. Alternativ rute går til Voss. Rallarvegen er «eit lite stykke Noreg». Sykkelruta startar på høgfjellet, vidare forbi isbreen Hardangerjøkulen, passerar store elvar med smeltevatn frå fjellet, går via den ville Flåmsdalen med fossefall og vert avslutta i det vakre og velkjende norske fjordlandskapet.

Rallarvegen byr ikkje berre på mektig natur, det er også ei reise gjennom fascinerende kultur og historie. Eit godt tips er å ta toget fra Flåm til Myrdal, for så å sykle ned att.

Foto: Sverre Hjørnevik/visitnorway.com