Velkommen til Café Rallaren

Cafe Rallaren består av kafe, sykkelutleige, suvenir og bagasjeoppbevaring.

Vi har sykkelutleige frå Myrdal til Flåm

Opningstider kafé

Frå april ut oktober

  • April, mai: 9:15 - 18.00

  • Juni, juli, august: 9.15 - 18.45

  • September, oktober: 9.15 - 18.00

Opningstider sykkelutleige

Frå 1. juni til 15. oktober

  • Kvar dag: 09.15 - 17.00

Cafe Rallarens sykkelutleige

Lei deg sykkel og sykle frå Myrdal til Flåm. Denne strekninga er siste delen av Rallarvegen og tek om lag to timar.

Rallarvegen er den ultimate sykkelopplevinga og har vorte ein av dei mest populære sykkelrutene i landet. Ein får ikkje berre oppleve den vakre naturen, men vert og eksponert for kultur og historie langs heile vegen.

Bestill gjerne med vår Take Away Bag, så kan du nyte lunsjen ute i vakre omgivelsar.

Foto: Sverre Hjørnevik/visitnorway.com

Meny

På menyen har me eit utval av lunsj- og kaffimat. Me serverer ofte rømmegraut og suppe, men dette vil variere frå dag til dag og står defor ikkje på menyen under. Hjå oss kan du bestille take away lunsjpakkar, til å ta med på sykkelturen.